Rom
Solvorn Gjestehus ynskjer deg velkomen til eit hyggeleg opphald i Solvorn, ei idyllisk lita ferieperle ved Sognefjorden. Sveitservillaen frå 1917 er totalrenovert og har fire doble og eitt enkelt rom i klassisk enkel eleganse, lyst og luftig med svært høg standard. Kom til oppreidd og komfortabel seng. Sengetøy og handkle er inkludert. God, sjølvbetjent frukost. Dei fleste romma har eige bad, der tre av fire bad har både dusj og badekar. Eigedomen er stor med mange sittegrupper og god plass i hagen til aktivitet. Kort gangavstand til stranda og den lokale cafeen.
Rom nr. 3. Dobbeltrom på loftet
Rommet er lyst og koseleg med skråtak og utsikt mot hage og frukttre. Det har vask, skrivebord, komfortabel lenestol og kommode.
Senga har Tempurovermadrass og er i storleik 160 x 200cm.
Dette rommet har delt bad med det andre loftsrommet. Badet ligg over gangen og er flislagt og lekkert med flott dusj og stort badekar.
To badekåper er tilgjengelege på rommet.
Rom nr. 4. Vår stoltheit
Hovedsuiten er Solvorn Gjestehus store stoltheit!
Rommet er stort og har balkong med nydeleg fjordutsikt. Ta gjerne frukosten med opp, og nyt den i friluft.
Rommet har to lenestolar og bokhylle, senga har Tempurmadrass og er i storleik 180x200cm.
Badet er stort og flislagt og rommar dusj, stort badekar, og to sjeselongar.
Velvereavdelinga i huset!
Rom nr. 5 Loftet - skapt for å deles
Rommet er koseleg med skråtak og har to gode sengar i storleik 120x200. Det har kommode og lenestol og ligg rett ved badet som ein deler med det andre loftsrommet.
Badet er flislagt og lekkert med flott dusj og stort badekar. To badekåper er tilgjengelege på rommet.
