E-mail: post@solvorn.com

Ledige rom juli 2018.

Romsleg komfort, dei fleste romma har eige bad. Sjølvbetjent frukost når det passar deg.

Unikt gjestehus

Kajakkar til leige

Gratis trådlaust internett

Utandørs gassgrill

Rom

Solvorn Gjestehus ynskjer deg velkomen til eit hyggeleg opphald i Solvorn, ei idyllisk lita ferieperle ved Sognefjorden. Sveitservillaen frå 1917 er totalrenovert og har fire doble og eitt enkelt rom i klassisk enkel eleganse, lyst og luftig med svært høg standard. Kom til oppreidd og komfortabel seng. Sengetøy og handkle er inkludert. God, sjølvbetjent frukost. Dei fleste romma har eige bad, der tre av fire bad har både dusj og badekar. Eigedomen er stor med mange sittegrupper og god plass i hagen til aktivitet. Kort gangavstand til stranda og den lokale cafeen.

 

Rom nr.1. Dobbeltrom for søte draumar

Eit herleg og lyst dobbeltrom med utsikt til hagen. Senga har Tempurmadrass i storleik 160x200 cm, og rommet har ein komfortabel lenestol.

Badet er flislagt og har dusj i tillegg til badekar på løveføter.

Rom nr. 2. Minisuite - alt du treng

Eit kompakt enkeltrom, lyst og fint med ein liten lesekrok, og flislagt bad med dusj.

Dette rommet høver best for ein person.

Bagasjen kan ein låse inn i skapet utanfor rommet om ein ynskjer.

Rom nr. 3. Dobbeltrom på loftet

Rommet er lyst og koseleg med skråtak og utsikt mot hage og frukttre. Det har vask, skrivebord, komfortabel lenestol og kommode.

Senga har Tempurovermadrass og er i storleik 160 x 200cm.

Dette rommet har delt bad med det andre loftsrommet. Badet ligg over gangen og er flislagt og lekkert med flott dusj og stort badekar.

To badekåper er tilgjengelege på rommet.

Rom nr. 4. Vår stoltheit

Hovedsuiten er Solvorn Gjestehus store stoltheit!

Rommet er stort og har balkong med nydeleg fjordutsikt. Ta gjerne frukosten med opp, og nyt den i friluft.

Rommet har to lenestolar og bokhylle, senga har Tempurmadrass og er i storleik 180x200cm.

Badet er stort og flislagt og rommar dusj, stort badekar, og to sjeselongar.

Velvereavdelinga i huset!

Rom nr. 5 Loftet - skapt for å deles

Rommet er koseleg med skråtak og har to gode sengar i storleik 120x200. Det har kommode og lenestol og ligg rett ved badet som ein deler med det andre loftsrommet.

Badet er flislagt og lekkert med flott dusj og stort badekar. To badekåper er tilgjengelege på rommet.

Kvar finn du oss

Om du kjem med bil

Vi har 3 parkeringsplasser til gjestane våre. Det er og gratis parkering ved fergekaia, ved butikken og ved kyrkja.

Frå Bergen eller Oslo: 

Om du kjem i bil frå Bergen eller Oslo køyrer du E16 til Lærdal, så ferja frå Fodnes til Mannheller.

Køyr Rv 5 til Sogndal, ta til høgre rett etter brua og inn på fylkesveg 55 mot Sognefjellet og Lom.

Etter ca 14 km tek du av til høgre rett etter YX bensinstasjon og fylgjer vegen ca 3 km ned mot Solvorn.

Om du køyrer om Sognefjellet frå Lom ligg avkøyrsla ca 16 km til venstre etter kommunesenteret Gaupne.

Nesten nede ved fjorden tek du inn til venstre når du ser skiltet til Solvorn Gjestehus og Eplet.

Du kan parkere 20 meter inn, på høgre side, på den asfalterte parkeringsplassen mellom eit raudt fjøs og ei raud garasje.

Taxi:  Luster Taxi: 57 68 16 20

Sogndal Taxisentral: 57 67 1000

Med buss

Til Sogndal, eller frå Lom over Sognefjellet.

Det går lokalbuss med stopp i Solvorn, men med sjeldne avgangar.

Sjekk www.kringom.no

 

Om du kjem med fly eller båt

Fly: Til Sogndal, Haukåsen. Sjekk www.wideroe.no .

Flybuss frå Haukåsen til Sogndal.

Buss eller drosje frå Sogndal.

Båt: Frå Bergen til Sogndal.

Sjekk www.norled.no.

Buss eller drosje frå Sogndal til Solvorn.

Bussruter: www.kringom.no

Kontakt oss!

Lurer du på noko, ta gjerne kontakt!

Mara Frattasio & Jannike Skår
Mara Frattasio & Jannike Skår
Eigarar
post@solvorn.com
*Send e-post. Alle felt må fylles ut.

Vetlevegen 18, Solvorn, Norway